Korleis gjekk det med Viktoria som gjekk elektro her?
Viktoria hadde planen klar! Ho skulle gå TAF på UVS!
Så ville det seg slik at ho kom inn på andrevalet sitt, nemleg elektro. Då tenkte ho, som Pippi Langstrømpe, at det hadde ho aldri prøvd før, men det fekk ho sikkert til.
Som sagt, så gjort. Elektro vart det og det var faktisk kjekt. Det var kjekt, utfordrande og noko heilt anna og heilt annleis enn det ho hadde tenkt seg.
Det året Viktoria gjekk Vg1 var ho aleine jente, medan på Vg2 Elenergi var dei to jenter. (I år er det fire jenter på Vg1, tre jenter på Vg2 og to jenter på Vg3!!) Det var ikkje noko problem å verken vere aleine jente eller få jenter. Det var berre slik det var.
Kva var favorittfaget ditt?
- Det må vere automasjon! Fordi det er gøy med koplingar og det å lage ting som skal gå av seg sjølv.
Då Viktoria var ferdig med skulen, snakka ho med Opplæringskontoret Maritime fag i Ålesund. Ho ville satse på skipselektrikarfaget. Der fekk ho opplyst at ho måtte ha lærlingkontrakt før ho kunne begynne på Vg3 Maritim elektriker, også kalla skipselektrikar, på Borgund vgs. Ho så gjorde, fekk seg lærlingkontrakt og begynte på Borgund vgs.
Kvar hadde du lærlingtida di?
- Eg var skipselektrikarlærling hos Remøy Shipping. På skifta var vi ein elektrikar og ein lærling, sidan eg ofte var på ein mindre supplybåt. Vi sørgde for godt vedlikehald, slik at det elektriske systemet fungerte optimalt. Eg trivdest godt, men vart sjøsjuk kvar gong vi gjekk frå kai… Men det gjekk då over, så det var ikkje noko stort problem.
Viktoria tok deretter fagbrev som elektrikar, slik at ho også kunne jobbe på land. Sidan ho også hadde dei kursa ho trong for å jobbe til sjøs, var vegen open for mykje.
No er ho ferdig med både lærlingtid og fagbrev og har fått seg fast jobb i Moreld Apply. Det er eit firma som driv med prosjekt både on- og offshore.
For tida er Viktoria på Gullfaks-riggane som ei av mange kvinner!
Og kva slags råd vil ho gi til deg som 10.klassing?
- Hugs at du må prøve før du kan seie at dette ikkje var noko for deg. Prøver du ikkje, veit du ikkje.