Kva gjorde dei eigentleg på motivasjonskurset før vinterferien?

Marte frå 2TT1 har skrive følgjande:

Skriv ut

Motivasjonskurset 2010

Søndag 14.februar reiste eg og 15 andre elevar frå Ulstein og Haram vgs til England. Vi var deltakarar på Motivasjonskurset 2010, og denne turen hadde alle sett fram til lenge.

Vi reiste frå Vigra til Oslo og frå Oslo til Heathrow, London. Allereie ut ifrå denne dagen, visste vi at det kom til å bli ein vellykka tur!

Vi budde i byen Leamington Spa, som låg 40 minutt utanfor Birmingham. Leamington Spa var på storleik med Ålesund, og vi følte oss heime med ein gong! Sett vekk ifrå at dei køyrde på feil side, dørene gjekk feil veg osv. Hotellet vårt heitte The Angel Hotel, og det var faktisk eit veldig fint hotell. Sjølvsagt er det heilt andre standardar i England enn her heime i Noreg, så samanlikna med mine forventningar, var det eit veldig bra hotell.

Vi var på kontorbygget til bedrifta Smallpeice Trust kvar dag fram til ca 17:00. det var her kurset var, og det var her leiaren vår, Tolu, stod klar med nye arbeidsoppgåver til oss kvar dag. Han lærte oss kva det vil seie å vere ein ingeniør. Vi bygde bilar, ei vekt, korleis drive ein vinbar og vindmøller, som skulle produsere mest mogleg straum.

Vi var delt inn I fire grupper, og dei vart forandra for kvar dag. Delinga var basert ut ifrå ein personlegdomstest vi tok heilt i starten. Testen fortalde oss korleis vi var som person og korleis vi kom til å jobbe i ei gruppe. Resultatet stemte overraskande bra!

Til oppgåvene vi skulle gjere, fekk vi eit breitt utval av materiale, som vi skulle bruke til å bygge dei med. Kvar del av det vi brukte, kosta sjølvsagt pengar, så vi matte tenke smart når vi bygde det. Oppgåva skulle vere billig å produsere og å selje. Då vi skulle drive ein vinbar, var målet å få eit godt overskot. Det var eit veldig spennande opplegg, og i alle fall eg lærte mykje om det å vere ein ingeniør.

Men vi var ikkje på kurs og gjorde oppgåver heile tida. Vi fekk også sjansen til å sjå England litt. Måndag var vi på Warwick Castle. Det er eit middelalderslott, som vart bygd av William the Conqueror (Direkte oversett: Sigerherren William) in 1068, og det er i dag eit populært turistmål. Sidan det var bygd, har slottet gått gjennom fleire endringar som redesign av bygg og fått tilbygg som til dømes tårn.

Ein annan dag var det duka for fotballkamp! Vi reiste til Nottingham Forest for å sjå kampen mellom dei og Sheffield United. Totalt var der 22.100 supporterar til stades, og kampen enda 1-0 til Notthingham Forest.

Vi fekk også besøke fabrikken til Land Rover, og sjå korleis dei byggjer bilane sine. Der var det veldig stort, og vi måtte køyre mellom dei forskjellige avdelingane. På denne fabrikken jobba det 6000 arbeidarar. Produksjonen deira var veldig effektiv og nøyaktig. Til å lage og setje saman karosseriet til bilen vart det brukt nesten berre robotar. Heilt på slutten av produksjonslina vart det brukt ”vanlege” arbeidarar. Dei hadde spesialisert seg innanfor eit felt på bilen, og då hadde dei ca. 5 minutt på seg til å gjere ferdig det! Arbeidarane stod på ein fast plass heile tida, medan bilane gjekk rundt på eit rulleband. Dersom berre ein ting gjekk gale, så ville heile produksjonen stoppe opp. Dei var veldig avhengige av at alt stemte. På ein dag produserte dei 1000 bilar! Og kvar bil dei laga, var bestilt og tiltenkt ein bestemt kunde. Og kunden kunne få han akkurat slik han ville.

Ein annan dag reiste vi inn til Birmingham, England sin nest største by. Der skulle vi først på shopping etterfylgt av teater. Shoppingmoglegheitene der var kjempestore og eg var i himmelen! Men i følgje meg sjølv var fire timar til det alt for lite… Men somme av oss var svært effektive, og hadde ein del ekstra med oss i kofferten heim likevel. Etter ei travel shoppingrunde var det tid for teater. Det vi skulle på heitte ”Traces”. Det var framført av fem unge skodespelarar/akrobatar. Det var fantastisk og veldig imponerande! Det er veldig vanskeleg å forklare korleis det var, så eg anbefalar deg til å sjekke dei ut på YouTube. Du kjem direkte til filmen ved å trykkje på http://www.youtube.com/watch?v=8hgxhPlYJw0.

Siste utflukta vi var på, var til Stratford-Upon-Avon, fødestaden til William Shakespeare. Der hadde vi litt tid som vi kunne bruke slik som vi sjølv ville. Mange av oss åt og såg oss rundt. Det var ein skikkeleg engelsk stad! Slik som du ser føre deg når du høyre ordet England, med gamle bygningar, telefonkioskar osv. Seinare drog vi på den såkalla Ghost Walk i Stratford-Upon-Avon. Opplegget gjekk ut på at ein gammal mann, som var ”død”, tok oss rundt om i byen og fortalde oss spøkelseshistorier. Det var ein heilt grei tur, og vi fekk sett byen, men akkurat den kvelden snødde det. Så i alle fall eg fokuserte mest på å halde meg varm. Eg trur også mange var skuffa, fordi dei hadde forventa noko som var skikkeleg skummelt. Men vi fekk i alle fall sjå fødestaden til W. Shakespeare, og det var veldig kjekt.

I løpet av denne veka fekk vi oppleve mykje, og det er ei erfaring alle deltakarane vil ha med seg vidare i livet – uansett om vi blir ingeniørar eller ikkje! Eg snakkar nok for alle når eg seier at vi er svært takksame for at vi har fått denne moglegheita J

Marte Gundersen

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.