Landsfinale i Basisdugleikar
Lærar Arve Haugland hadde gleda av å vere med som reiseleiar for dei to som vann fylkesarrangementet i Ulsteinhallen, Jacob Hauge Mo og Marita Rustad. Han har skrive følgjande reisebrev:
Landsfinale i Basisdugleikar
I år var arrangementet lagt til Bø i Telemark.
Jacob Hauge Mo og Marita Rustad reiste frå Møre og Romsdal. Dei skulle konkurrere i 8 forskjellige øvingar. Mange av øvingane var svært tunge:
- Kor langt klarer du å dytte ein ATV (firejuling) i motbakke på 3 minutt?
- Kor lang tid bruker du på å flytte 18 tunge tømmerstokkar 20 meter?
- Eller kor lang tid bruker du på velte et stort traktordekk 80 meter?
Dette var nokre av dei øvingane dei måtte igjennom på under 5 timar. Det var eit blodslit!
Men Marita, som til daglig driv med friidrett, tok utfordringa på strak arm og slo til med ein kjempeflott 3.plass blant dei best trena utøvarane i Noreg.
Utøvarar og reiseleiarar fikk også med seg ei førelesning om basistrening og ei praktisk økt dagen før konkurransen. Så etter 2 fulle dagar med aktivitet var vi tilbake på Vigra, slitne, men fornøgde.