Mattementorane i siget
Du hugsar kanskje at du las eitkvart her på heimesida om NHO, nokre matteelevar og nokre svenskar?
Vi er stolte av president Roosevelts oppfordring "Look to Norway", men no kan vi lage vår eigen versjon og seie: Look to Sweden. Det har NHO gjort og funne eit prosjekt som er verdt å satse på.
Dei har kalla det Kunnskapsturnéen. Etter det vi finn på NHO sitt nettmagasin (http://www.nho.no/nho-magasinet/category511.html), har kunnskapsturneen til NHO besøkt 30 stadar i Noreg og snakka framfor og med nærare 12000 unge mellom 14 og 19 år.
I tillegg hjelper NHO skular med å starte opp mattementorarbeid. Det går ut på å la eldre elevar/studentar hjelpe yngre elevar med matematikken. Spør du ein lærar, så vil han eller ho fortelje deg at ein lærer utruleg mykje av å lære vekk til andre. Så dette må vere ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, trur vi.
Så før jul hadde UVS besøk av to ingeniørar, Farid Nolen og Ismael Pelaseyed, i lag med Guttorm Ulla frå NHO. Farid og Ismael starta opp med mattementorar i Sverige, men då med studentar frå høgskule og universitet som mentorar for elevar på vidaregåande.
No er frivillige R1-elevar (elevar på vg2-nivå med matematikk som programfag) frå Volda vidaregåande og Ulstein vidaregåande klare for neste steg. Elevar frå Ørsta, Volda og Ulstein ungdomsskular har meldt si interesse og tirsdag 17.februar går startskotet for prosjektet her i området. Dersom dette fungerer bra, vil det bli utvida til å gjelde fleire skular i det vakre fylket vårt.