Motivasjonskurset var...
veldig spanande, ser det ut til. Les dette, du:
Ein søndag formiddag reiste 16 elevar frå Ulstein, Haram og Spjelkavik Vidaregåande Skular til England. Vi vart utplukka av fleire lokale bedrifter, STX, Rolls-Royce, Ulstein Verft og NCE-Maritime, til å vere med på eit motivasjonskurs for ingeniøryrket. Elevane som fekk vere med på kurset har valt TAF-linja, eller går studiespesialiserande med realfag. Kurset var delt inn i to delar, ein del gjekk føre seg rundt om på Sunnmøre, med blant anna bedriftsbesøk til Rolls-Royce og Ulstein i fjor haust. Den andre delen gjekk føre seg i England, no i vinterferien, med base i Leamington Spa.
Heile opplegget i England vart arrangert av stiftinga The Smallpeice Trust, som held kurs og seminar for å inspirere barn og ungdom til å velje ingeniøryrket. Forelesningar om det å vere ingeniør og prosjektoppgåver der vi bygde t.d. vindmøller og modellbilar var noko vi fekk vere med på. Premiar og prestisje venta dei som vann dei ymse prosjektoppgåvene, og innsatsen vart dermed endå større.
Men kurset bestod ikkje berre av å sitje inne på eit klasserom. Vi var på tur til London og Birmingham. I tillegg til å bruke opp alle sparepengane våre på shopping, var vi med på mange forskjellige attraksjonar og fekk oppleve mykje nytt. I London fekk vi blant anna nyte utsikta i "London Eye", det store pariserhjulet ved Themsen. Vi vart også godt skremde i "The London Dungeon", eit skrekkhus som viser mange hundre års historie innanfor tortur og skrekk. I Birmingham var vi på ein konsert med den kjende Nicole Scherzinger som blant anna har vore med i jentegruppa "Pussycat Dolls".
Toppen av kaka, med tanke på kurset, var å besøkje Land Rover sin enorme fabrikk i Solihull. Der var det store bygningar med mange folk og robotar i arbeid, tjuefire timar i døgnet. Vi fekk ei god innsikt i produksjonen og betydninga av produkt som ikkje har noko spesielt med havet å gjere, det gjorde at vi fekk eit anna syn på ingeniøryrket som tidlegare har betydd hav og båtar for oss. Somne av oss fekk til og med prøveturar med bilar som ikkje kjem i salg i Noreg før om kanskje eit år.
Alt i alt hadde vi ei superfin veke der vi fekk lære mykje om kva det vil seie å vere ingeniør.
Skrive av Birte Larsgård Steinsvik (Volda), Sondre Furø (Herøy), Elizabeth McMahon Møller (Ulstein), Ole-Martin Goksøyr (Herøy), Stig-Martin Liavåg (Hareid), Hallvard Magerøy Seljebotn (Hareid).