Og slik gjekk det på Kick Off 2009
Lærar Knut har skrive eit lite samandrag av årets Kick Off.
Kick Off 2009 blei nok ein gong ein stor suksess. Arrangementet var eit samarbeid mellom Sal og Service og IKT, og Helen Longva Fet frå organisasjonen Ungt Entreprenørskap konkluderte med at dette var det beste Kick Off-arrangementet i Møre og Romsdal i år. Ho sa at dette var eit særdeles godt gjennomført arrangement, og at elevane kunne vere veldig stolte over kva dei hadde klart å få til.
Det var ei glede å høyre på Ulstein design sitt foredrag. Øyvind Kamsvåg er ein glimrande foredragshaldar, og det var eit godt og interessant innlegg han hadde om produktutvikling.
Arrangementet blei avslutta med eit strålandes foredrag av Odd Harald Karlsen om merkevarebygging. Odd Harald Karlsen har ei eiga evne til å nå sitt publikum, og det var svært gledeleg at ein så flink og dyktig foredragshaldar tok seg tid til å komme til oss.
Elles var det gode underholdningsinnslag i programmet. Vi hadde dans med dansetalentet Leni, og rap med den drivne rap-artisten Kristoffer Masters Roppen. Den legendariske Kevin-og-Jens-leiken måtte dessverre gå ut på grunn av mangel på tid, men det var ein godt fornøgd gjeng etter at arrangementet var ferdig og alt hadde gått bra.