Skuledebatt med høg temperatur
Det vart høg temperatur etterkvart inne på landskapet, både fordi der var mykje folk og fordi politikarpanelet skapte engasjement.
Partia H, FRP, V, KSP, KRF, SV og AP var representerte i panelet.
Sett frå salen var panelet var delt, både fysisk og tankemessig, med SV, AP på venstresida og H og FRP på høgresida. I midten var V, KRF og KSP(Kristelig Samlingsparti).
Det var dei som sat på flankane som fekk flest spørsmål og som vinka mest med både to og fleire fingrar. Midtpartia var litt meir forsiktige og kom kanskje ikkje til orde så mykje som dei hadde håpa på.
Nokre heller enkle synspunkt var ute og gjekk både på venstre- og høgresida. I tillegg høyrde vi minst eit par billege poeng, men òg nokre gode og litt meir gjennomtenkte poeng.
Debatten veksla mellom mange forskjellige tema. Elevar og debattantar var innom alkoholpolitikk, rusomsorg, sidemålsundervisning, gode og dårlege lærarar, miljøpolitikk og CO2-utslepp, valfag, kristendomsundervisning, obligatorisk framandspråk og køyreopplæring som fag i skulen.
Dersom ein skal døme etter responsen og spørsmåla frå salen, blir det blått her på skulen i år.
Og blått vart det.
FRP fekk 33%, H fekk 28% og AP fekk 24% av stemmene. Totalt var det 431 som brukte skulestemmeretten sin.