Spania, Polen, Tyrkia, Noreg og prosjektarbeid
Caroline Frantzen og Sara Lindal har skrive litt om korleis det var å vere med på Comenius-prosjekt nummer 2:
Fredag 19.11.
Då reiste lærarane til flyplassen for å ta i mot elevane. Dei tok dei med til SUFH og lot dei slå seg til ro der. Dei bestilte inn pizza.
Laurdag 20.11
Vi fekk møte elevane. Vi møtte opp på SUFH på morgonen for å reise til Ålesund. Dette var første gong vi møtte dei. Allereie då vi hadde kome på ferga, satt vi blanda i bussen og prata med folket frå Spania, Polen og Tyrkia. Veldig venlege og opne folk. Vi for først til akvariet. Der var vi ein time og kika rundt på fiskane og pingvinane. Seinare på dagen reiste vi vidare inn i sentrum av Ålesund. Der åt vi på ein restaurant. Der blei vi servert enten kyllingsalat eller fiskesuppe. Dei fleste valgte kyllingsalat. Etter at vi hadde ete, køyrde bussen opp til Fjellstua. Der tok vi bilete og utlendingane blei fascinert av utsikta. Vi køyrde tilbake til SUFH, og nokre av oss blei att for å knyte band med dei andre ungdomane.
Søndag 21.11
Då skulle vi på Runde miljøsenter. Der var ein lokal mann og prata om senteret og viste oss rundt på dei forskjellige romma. Utlendingane kika seg godt rundt og blei fascinerte, tok mykje bilete. Der fekk vi servert bacalao og ostekake til dessert. Etter maten gjekk vi inn i forsamlingslokalet igjen, då skulle vi presentere skulane våre og landa vi kom frå. Dette gjekk strålande. Så tok vi bussen tilbake til SUFH. Vi slappa av i Ulsteinsuita vi hadde fått tildelt på SUFH saman med utlendingane.
Mandag 22.11
Vi var på skulen og vart delte inn i grupper. Vi snakka om dyr som var utsette for fare i global oppvarming. Etterpå for vi på JETS eller Ishavsmuseet, vi delte oss i to grupper og reiste på to forskjellige dagar. Etter dette slappa vi fint av på SUFH.
Tysdag 23.11
Vi jobba vidare med oppgåva om dyr. Etterpå for vi på JETS eller Ishavsmuseet. Denne kvelden drog vi ned i Vik på kvelden, då var det tid for bowling og handling. Nokre i Comenius-gjengen gjekk rundt for seg sjølv, nokre saman med oss. Dei sto fritt til å gjere det dei ville.
Onsdag 24.11
Vi måtte lage presentasjon om dyra som var i fare når det gjaldt global oppvarming. Litt seinare skulle vi presentere dette for alle deltakarane. Alle hadde fine og korte presentasjonar. Det gjekk veldig bra. Seinare på dagen reiste vi til Ålesund by for å ta dei med til turistbutikken og handlesentera. Dei synest det var veldig dyrt i Noreg, men handla inn mange suvenirar. Då vi kom tilbake til SUFH hadde vi musikk og kaker, dette var kvelden vi måtte vinke farvel. Alle dei spanske jentene som vi hadde fått mest kontakt med, skreik då vi skulle gå, det gjorde vi og. Det var sårt å seie hadet når vi hadde vorte so samanspleisa.
Torsdag 25.11
Heimreise ganske tidleg.