Treningsleir på Club La Santa

Som kjent for mange, reiste klasse 3ID2 ved Ulstein Vidaregåande på treningsleir til Club La Santa på Lanzarote 5.-12.januar i år. Vi fekk tilsendt det Rita Nygård og Ellen Holm Roppen skreiv i etterkant. Her er det:-)

Skriv ut

Vi budde i fine 3-5 manns leilegheiter, som gav oss anledning til å lage mat på rommet. Likevel valde dei fleste av oss å ete middag ute på ein av restaurantane i området. Leilegheitene var ein del av heile treningsområdet, så vi trengde ikkje gå langt for å kome oss til aktivitetane. Der var ei fotballbane, ein innandørs hall, "five a side"-bane, badebasseng, fleire tennisbaner, golfbane, surfeområde, friidrettsanlegg og aerobicområde rett utanfor stovedøra vår. Elles var der også ein matvarebutikk der vi kunne kjøpe det vi trengte til dei forskjellige måltida. Treningsforholda var heilt supre, og med godt humør og alt treningsutstyret i orden vart turen eit minne for livet. Vi hadde fint ver gjennom heile turen, rundt 20-25 °C på dagtid passa dei fleste bra. Når vi hadde fri mellom treningsøktene var det å ligge rundt bassenget og sole seg mest populært, vatnet var litt kaldt, men likevel var der nokre sjeler som drista seg til å bade.

Fredag 05.01.07

Flyet gjekk frå Vigra 15.15, vi hadde ei kort mellomlanding i Trondheim før flyet drog vidare til Lanzarote. Der landa vi kl. 21.40. Etter ein busstur på rundt ein halvtime frå flyplassen kunne vi skimte Club La Santa. Vi fekk ei kort omvisning på området av læraren vår, Jan Rune Teigen, før vi gjekk på romma våre for å sove etter den lange flyturen.

Laurdag 06.01.07

Felles joggetur frå 10.00-11.00. Joggeturen gjekk på fine vegar rundt området.

Symjing frå 13.00-14-30 der vi var delte jenter for seg og gutar for seg. Her trente vi på crawl, brystsymjing og symjing på ryggen. Ein vart fort andpusten av å symje ei lengd på 200 meter mange gongar.

Tennistrening frå 15.00-17.00. Her hadde vi leigd 3 av dei tolv banene som fantes på området. For kvar kveld tok vi ei kjapp oppsummering av dagen der vi også gjekk gjennom planane for den komande dagen.

Søndag 07.01.07

Handballgjengen hadde trening inne i hallen frå 10.15-11.45.

Fotball og friidrettsgjengen trening frå 10.30-12.00. Deretter var det den prestisjetunge tennisturneringa som stod for tur. Den varte frå 13.00-15.00. Jan Rune (lærar) og Jørn Kvalsvik vart dei heldige vinnarane.

Jentene drog deretter på ein flott sykkeltur med high-speedsyklar. Denne varte frå kl. 16.00-18.00. Dette var eit av dei store høgdepunkta under turen. Vi sykla gjennom fleire av landsbyane som var der og helste til lokalbefolkninga. Landskapet var heilt spesielt prega av vulkanar, og det var ei heilt spesiell oppleving å få sjå sola gå ned over dette landskapet.

Mandag 08.01.07

Både handball, fotball og friidrettsgruppene hadde trening frå 08.00-09.30. Denne gongen trente også handballgruppa ute på five- a side bana, medan dei andre var på friidrett- og fotball området.

Elisabeth Innselet stod for Aerobic og bodystep ute i sola frå klokka 12.00-13.30. Programmet var lagt opp slik at alle skulle henge med. Til og med lærar Teigen drista seg til å vere med.

Brettsegling hadde vi frå kl. var 13.30 til 16.00. Halve klassa har allereie hatt brettsegling som ein innføringsidrett her heime, medan den andre delen skal først ha denne aktiviteten til våren. Den delen som hadde hatt brettsegling skulle difor lære dei andre. Dei fleste fekk opp segla til slutt, og det vart ein fin dag.

Tysdag 09.01.07

Både handball, fotball og friidrettsgruppene hadde trening frå 08.00-09.30, men handballgruppa hadde styrketrening på styrkerommet.

Deretter var det sandvolleyball frå 13.00-15.00

Gutane var på den same sykkelrunda som jentene var på søndag, men dei raske gutane brukte 50 minutt mindre på distansen. Det gjekk diverse rykter om at dei hadde sykla som om dei var i eit sykkelritt.

Onsdag 10.01.07

Handball gjengen hadde trening frå 10.15-11.45. Fotball og friidrettsgjengen var på styrkerommet samtidig som handballgruppa hadde trening.

Frå 16.00-17.30 hadde vi sandvolleyballturnering. Frå sandvolleyballen nærast sprang vi bort til fotballbana. Her spelte vi fotballkamp mot ei fotballinje frå Hardanger Folkehøgskule. Vi spelte 2 omgongar på 30 minutt. Resultatet enda 1-1. Likevel var det gjengen frå 3ID2 som pressa mest, og dersom vi hadde teke vare på sjansane våre kunne vi lett ha vunne. Dei handballspelarane og friidrettsutøvarane som ville fekk bli med å spele. Seinare på kvelden fekk vi høve til å dra på discoteket som låg rett ved sidan av handballhallen. Her dansa og song vi karaoke ei stund utover kvelden før vi gjekk og la oss.

Torsdag 11.01.07

Vakna vi til sterk vind. Det var mykje støv i lufta som nærast piska oss i augo. Vi skulle eigentleg på joggetur frå 10.00-11.00, men på grunn av ver forholda måtte vi heller ta turen på styrkerommet. Det flotte styrkerommet har blitt flittig brukt også til eigentrening mellom dei organiserte øktene. Der inne var det alt du kan tenke deg av apparat, og motivasjonen til å trene var på topp. Etter vi var ferdige på styrkerommet tok vi turen til byen Puerto Del Carmen for å shoppe.

Når kvelden var komen samla vi alle saman på ein restaurant til felles middag. Etter middagen var det premieutdeling for sandvolleyball og tennis- turneringane, ryddigaste rom, og diverse andre morosame prisar.

Fredag 12.01.07

Var avreisedagen komen. Vi drog frå Club La Santa 05.30, flyet skulle lette 08.00. Alle skulle møte opp i resepsjonen 05.15, og då klokka var eit par minutt på halv seks var det fire stk som ikkje hadde møtt opp. Dei hadde forsove seg, men heldigvis ordna det seg, og dei kom trygt på bussen alle mann. Klokka 08.00 sat alle trygt på flyet, det einaste som mangla var ein mobiltelefon som blei lagt igjen i morgonkaoset. Den tok 3ID1 som reiste veka etter oss med seg heim. Klokka 14.30 landa vi på Vigra. Vi har hatt ein heilt fantastisk tur som vi kjem til å huske i lang tid framover. Motivasjonen til å trene har blitt endå større. Vi har allereie byrja å snakke om å dra ned igjen til La Santa igjen. Og kven veit, kanskje vi er der nede igjen om 10 år på reunion?

Vi vil også med dette rette ein stor takk til alle som har vore med å sponsa oss, frå å kjøpe julekaker til å sponse oss med ein dusj til lotteriet. Tusen takk til alle!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.