Tusen takk til foredragshaldarar, elevar og lærarar
Heimesida har hatt store problem med å skrive om språkdagen ved UVS. Kvifor? Fordi det var ein opptur av dimensjonar! Eg vart så glad at eg knapt greidde skrive noko som helst.
Som språkgal lærar var det inspirerande å høyre næringslivsrepresentantar snakke til elevane våre om kor viktig det er å lære seg språk.
Folk med eit språk ekstra i tillegg til engelsk og norsk har større sjanse til å få den jobben dei vil ha. Grete Loe frå Hjellegjerde hadde leita fram nokre jobbannonser, der det viste seg at både lagerarbeidarar så vel som salssjefar bør kunne noko meir enn norsk og engelsk.
Vi trur at vi er så gode i engelsk her i landet, men det viser seg i praksis at vi er gode på "small talk", men når det kjem til forretningar og det å gjere seg forstått og forstå ein engelsk som har eit noko høgare nivå, då slit vi litt.
Språkfag er like viktig som realfag og økonomifag. Utfordringa er at elevane ikkje ser det før dei er ferdig med vidaregåande og skal begynne på det vaksne livet.Ein god del av foredragshaldarane sa sjølv at dei burde ha jobba meir med språkfaga då dei gjekk på skule.
For elevane var det òg inspirerande, sjølv om nokre kanskje syntes det var bittelitt langdrygt på slutten:)
Stooooor takk til Geir Steinar Vik v/Visit Ålesund, Grete Loe v/Hjellegjerde, Ellen Kvalsund v/Rolls-Royce, Sverre Kvalsund v/Jets, Bente Krumsvik v/Sunnmøre Seafood, Aleksander Langøy v/Norway Pelagic og ikkje minst dei flinke spansk- og tyskelevane som tok utfordringa på strak arm og laga presentasjon og snakka til elevane på Språkdagen: Kristine Vike, Kine Kvalsund, Marta V.Kristensen, Robin Olsen, Mona Pihlamäe og Lovise Hasund.