Ungdomsbedrift i medvind
UVS har i år to ungdomsbedrifter på huset. Å starte opp, drive og avslutte ei ungdomsbedrift er noko av det elevane i 2SS1 skal gjere i løpet av året.
Nytt dette skuleåret er at 2IK1 også tek del og driftar nettsidene til ungdomsbedriftene.
Iallfall er det slik at Simple Shelf UB, som er den eine av ungdomsbedriftene, har vore til Molde no nyleg.
Det i seg sjølv er forsåvidt ikkje noko å lage eit oppslag på heimesida for, men når du får vite at det var ein konferanse dei var på, i regi av Miljøverndepartementet, då forstår du vel kvifor?
Simple Shelf UB var den einaste bedrifta som vart spurt om å kome og presentere seg sjølv. Bedrifta har utvikla og sel ein plassryddar i aluminium, som kan hengast opp på eine sida av pulten. Der får du plass til bøker, pc, ladar, penalhus... Kanskje endåtil ein yoghurt eller eit eple? Det er ein fiffig konstruksjon som også kan brukast til pcbord og han er heller ikkje til hinder når pultane står to og to.
Det er fullt mogleg å bestille seg ein plassryddar. Bedrifta er på facebook og du kan gjere bestillinga di der, eller du kan ta kontakt med anten Julie, Ole Gunnar eller nokon av dei andre 6 i Simple Shelf UB.