Utan lik, men med appelsinjus i lasten
Les vidare i teksten, så forstår du kvifor tittelen er som han er:
Magnar lærar skriv og fortel:
Dei 13 elevane som tek faget Teknologi- og forskningslære, fekk nettopp testa skipsstabilitet i praksis med Hurtigruta forbi Hustadvika. Velvillig sponsa av industrien i området vårt, drog vi mot teknologihovudstaden Trondheim med skipsmodellen vi har arbeidd med i det siste.
Der fekk vi høyre om studentlivet sine gleder før medisinsk omvisning på disseksjonssalen med lik på rekke og rad.
Lina for Marin teknikk argumenterte overbevisande for at dei har den mest spanande og internasjonale utdanninga.
I skipsmodellbassenget stilte 20 skular frå heile landet med båtane sine for konkurranse. Perla som båten vår heiter, starta fint ut i slalom-konkurransen, men så mista vi kontakten med båten nokre sekund. Det same skjedde i fartsetappa slik at sigeren glapp og vi vart nummer 15 av 20, men Sunnmøre gjorde det godt med Spjelkavik som nummer 2 og med Haram på 6. plass!
No er det opp til neste årskull å ta over stafettpinnen.