UVS + Heilig-HartCollege = sant?
Kanskje det? For nokre veker sidan var rektor, ass.rektor og skulen si internasjonale kontakt, Oddny Ekroll, i Waregem, ein by som ligg nordaust for Brüssel. Der finn ein Heilig-HartCollege, ein kombinert ungdoms- og vidaregåande skule med 1650 elevar.
Det er ein skule som er nokså lik vår eigen, med studiespesialiserande programområde og programområde for merkantile fag (meir som det "gamle" Handel og kontor).
Heilig-Hartcollege samarbeider med mange andre vidaregåande skular rundt om i Europa og har veldig lyst til å få til noko slikt med vår skule. Eit slikt samarbeid vil vere basert på fellesprosjekt utvikla og definert av skulane som er med. Dette er prosjekt som skal gjennomførast av elevane. Kvart prosjekt er 2-årig og blir delvis finansiert via Comenius-midlar.
Nokre i kollegiet får høve til å reise ned og sjå korleis eit slikt prosjekt blir gjennomført i praksis. Eit samarbeid kan starte opp allereie hausten 2009, dersom opplegget er bra.
UVS ligg i ein "internasjonal" region og bør kanskje sjå utover våre eigne landegrenser, noko meir enn vi har gjort så langt?