Valet er i gang/Blå skule
Det har summa og summa i atriet denne morgonen, meir enn vanleg. Grunnen?
Ein heil haug med unge og nokre litt eldre partipolitikarar står på stand i atriet og prøver overbevise eller forklare kvifor elevane bør stemme på akkurat deira parti førstkomande mandag.
Det ser ut til at elevane spør om det dei lurer på og så reknar vi med at politikarane gjev gode svar ein kan stole på.
Blå!
UVS er ein blå skule i år, Høgre vann skulevalet med cirka 32% av stemmene.
I så måte er vi annleis enn landsgjennomsnittet av elevar ved dei vidaregåande skulane, som stemte fram Ap som valvinnar 2011. Vi er derimot heilt på line med fylkesgjennomsnittet, som òg er blått.
Klikk her, så får du ei god oversikt over korleis elevane ved skulen, i fylket og på landsbasis har stemt sidan 1989.
Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS (NSD) er nasjonal arrangør av skulevalet, medan Utdanningsdirektoratet har det overordna ansvaret.