Viona fährt nach Deutschland diesen Sommer
For dei av lesarane som ikkje er så stødige i tysk, betyr overskrifta at Viona reiser til Tyskland i sommar.
Kvifor Viona Shera gjer det?
Viona strålar når ho fortel om sommarferien, så det er tydeleg at ho gler seg!
Jau, det skal vi fortelje dykk. Ho har søkt på eit stipend og fått det :)
Viona er VG2-elev her ved Ulstein vgs i år. Neste år er ho avgangselev og skal blant anna ha Tysk nivå III.
Då passar det fint å få sjansen til å tilbringe 3 veker i Tyskland i sommarferien!
Viona vart oppfordra av tysklærar Alexander om å søke på stipendet Deutschland Plus 2018. Søknaden skulle sjølvsagt skrivast på tysk. Alexander måtte også skrive litt, men det var meir som ei «godkjenning» av Viona.
Det er SIU (Senter for Internasjonalisering av Utdanning) som tek imot søknadane og fordeler pengane og kursa.
Det gjekk slag i slag, plutseleg fekk Viona ein epost som fortalde henne at ho var ein av dei 12 norske elevane som skulle få stipend og reise til Tyskland. Der skal ho altså gå på skule og bu med vertsfamilie.
Dei to første vekene skal Viona bu og gå på skule i Langerwehe, i tillegg til at ho får vere med på to utflukter, ein til Paris og ein til Köln.
Deretter skal alle dei 12 elevane til Berlin i fem dagar før dei reiser heim til Noreg.
Det er slett ikkje lenge til heller, Viona reiser 26.juni og er tilbake 15.juli. Det einaste ho må ordne sjølv, er flyturen tur/retur herifrå til Oslo og lommepengar!
Heiarakål for ein tur og for ei oppleving!