Willkommen in Deutschland!
Naglius Kirvaitis Brandal er ein knakande kjekk og flink kar frå 2ST2. Han søkte og fekk plass på eitt av dei to sommarkursa som det tyske kulturministeriet har arrangert kvart år sidan 1959.
Han søkte via Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning) og fekk det kjekke svaret no heilt i slutten av april.
Som ein av fem norske har han fått stipend/plass på Internationales Preisträgerprogramm 2019, som går over fire veker. I tillegg kjem der 445 ungdommar til, fem elevar frå 89 andre land rundt om i verda!
Det er eit aldri så lite nålauge du skal gjennom dersom du skal søke på desse kursa. Viona Shera (hugsar du kanskje) var på eit kurs i fjor sommar, det var noko liknande, men kortare.
Fun fact: Eitt av krava som må overhaldast er at du ikkje kan fylle 18 år i løpet av dei vekene du er i Tyskland. Naglius blir 18 ei veke etter at han er heimattkomen…
Dei to første vekene skal han bu med ei vertsfamilie, gå på tysk skule og hospitere i klassene til den tyske «systera» eller «broren».
Deretter vert ungdommane delt inn i grupper som skal reise rundt i Tyskland.
Det høyrest ut som Naglius får nokre fine sommarveker, iallfall nokre annleis sommarveker!
God tur, når den tid kjem!