PPT - Pedagogisk-psykologisk teneste

PPT skal samarbeide med og støtte skulane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.

Tenesta skal støtte og rettleie skulane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst, og hjelpe til med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg. Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det PPT som skal utarbeide vurderinga (Opplæringslova § 11-13).

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har rett på pedagogisk-psykologisk rådgjeving (PPT). Til dømes kan PPT hjelpe med råd og rettleiing om opplæringssituasjonen. 

PPT har kontortid ved Ulstein vidaregåande skule kvar tysdag og torsdag frå kl. 08.15-15.45. Visst du lurer på om PPT er rett instans for å hjelpe deg, kan du ta kontakt med oss eller ein rådgjevar på skulen.

Om du ønsker hjelp frå PPT kan du kontakte: Viviann Skeide på telefonnummer 48017428 og avtale tid, eller stikke innom kontoret. Du finn ho også på Teams. 
Kontoret ligg ved inngangen ved Kunnskapstreet i første etasje, rett inn og til venstre før trappa.

Velkommen!

viviann.skeide@ulstein.kommune.no

ppt@ulstein.kommune.no