Hospitering

Velkomen til hospitering! Frå 09. til 13. november tek vi imot hospitantar frå heile Sjustjerna.
Informasjonen er under arbeid!

Mange av dokker har nok vore innom oss i 9.klassa, men no i 10.klassa vil du få meir inngåande og konkret informasjon som vil hjelpe deg til å velje utdanningsprogrammet for deg. Vi prøver å vise deg ein mest mogleg normal skuledag på Ulstein vgs.

På hospiteringsdagen skal du møte i atriet (som er hjartet av skulen) innan kl.9. Der vil fadrane ta med seg “sine” elevar til rett utdanningsprogram. Dei vil vere klare for å ta deg til rett stad og til rett tid gjennom heile dagen.

Viktig informasjon:

  • Dagen startar kl.09 og er slutt kl.13.45
  • Du må ta med matpakke. Det går sjølvsagt også an å kjøpe mat i kantina vår.
  • Skrivesaker er også lurt å ta med. Sjølv om alle elevane våre har PC, brukar vi også mykje penn og papir.
  • Vi har mobilhotell, så du må gjerne ta med mobil, men ikkje rekne med å få bruke den i løpet av dagen.

 

Dagen vil sjå forskjellig ut alt etter utdanningsprogram, men alle startar og sluttar til same tid.

  • Elektro og datateknologi
  • Idrettsfag - hugs å ta med treningskle
  • Sal, service og reiseliv - vil vere på klasserom i lag med elevar og lærarar og prøve ut varierte aktivitetar
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Studiespesialisering - vil få ein smakebit på programfag
  • Påbygging til generell studiekompetanse

Vi ser fram til å møte dokker alle i hop! Håper dokker får kjekke dagar her på skulen og at vi sjåast igjen over sommarferien, til eit nytt skuleår.

Har dokker spørsmål? Ta kontakt med: