Mange av dokker har nok vore innom oss i 9.klassa, men no i 10.klassa vil du få meir inngåande og konkret informasjon som vil hjelpe deg til å velje utdanningsprogrammet for deg. Vi prøver å vise deg ein mest mogleg normal skuledag på Ulstein vgs.
På hospiteringsdagen skal du møte i atriet (som er hjartet av skulen) innan kl.9. Der vil fadrane ta med seg “sine” elevar til rett utdanningsprogram. Dei vil vere klare for å ta deg til rett stad og til rett tid gjennom heile dagen.
Viktig informasjon:
- Dagen startar kl.09 og er slutt kl.13.45
- Du må ta med matpakke. Det går sjølvsagt også an å kjøpe mat i kantina vår.
- Skrivesaker er også lurt å ta med. Sjølv om alle elevane våre har PC, brukar vi også mykje penn og papir.
- Vi har mobilhotell, så du må gjerne ta med mobil, men ikkje rekne med å få bruke den i løpet av dagen.
Dagen vil sjå forskjellig ut alt etter utdanningsprogram, men alle startar og sluttar til same tid (09:00-13:45). Det blir mykje praktiske øvingar, sidan vi trur det vil hjelpe dokker når søknadsfristen nærmar seg.
- Elektro og datateknologi
- Idrettsfag - hugs å ta med treningskle
- Sal, service og reiseliv
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Studiespesialisering
Vi ser fram til å møte dokker alle i hop! Håper dokker får kjekke dagar her på skulen og at vi sjåast igjen over sommarferien, til eit nytt skuleår.
Har dokker spørsmål? Ta kontakt med: