Skuleskyss i vgs

Som elev i vgs kan du ha rett til gratis transport til og frå skulen.  Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen.

Søk om skuleskyss når du takkar ja til skuleplass. Du må søke om skuleskyss kvart år.

Du har rett på fri skuleskyss dersom

  • du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skule*.
  • du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden. 
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.

*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skule.

Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skuleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand.  Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skulen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.

Skulane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.

Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.

Søknad om tilrettelagt skyss må du sende via skulen.

Elevar som bur på to stadar vil være folkeregistrert på éi adresse sjølv om dei deler tida mellom to heimar. Formålet med skyssreglane og hensynet til barna det gjeld, tilseier atdet må vere avgjerande at barnet faktisk bur to stadar. For å ha rett til gratis skuleskyss, må elevens opphald hos kvar av foreldra være ei rimelig fast, planlagt og regelmessig ordning, og ikkje improviserte enkeltbesøk. (Sitat frå Udir-2-2019)

Du må levere skjemaet «Stadfesting av delt bustad» når du søker om skuleskyss

Elevar som har rett på skuleskyss, får eige skysskort.

  • Kortet gjeld på strekninga mellom bustad og skule.
  • Skysskortet gir rett til skyss til og frå skulen ved skulen si ordinære start- og sluttid.
  • Du skal registrere kortet i billettmaskina hos sjåføren kvar gong du går på bussen. 
  • Kortet fungerer som ein billett med to reiser kvar dag, inkludert overgang. Ei reise til og ei frå skulen.
  • Du kan ikkje bruke kortet i samband med ekskursjonar, utplassering eller andre aktivitetar i skuletida.
  • Gjeld berre på dagar med undervisning på skulen.
  • Kortet inneheld opplysningar om strekning og reisetid som berre gjeld deg personleg.
  • Det er ikkje lov å låne ut kortet til andre. 

Skuleskyssordninga dekker ikkje:

  • Reiser etter SFO og leksehjelp 
  • Transport i samband med ekskursjonar og andre aktivitetar i skuletida, samt utplassering i ungdomskole.
  • Reiser på ferie- og fridagar.

Ta godt vare på kortet

Du skal bruke kortet alle åra du går på skole og har rett til fri skuleskyss. For at kortet skal virke som det skal, er det viktig at du ikkje:

  • lagar hol eller klipper i kortet
  • vaskar kortet i vaskemaskina
  • bøyer eller brettar kortet.

Mista eller øydelagt kort?

Dersom skuleskysskortet blir øydelagt, du mistar det, eller det har teknisk feil, må du ta kontakt med skulen.

  • Skulen vil bestille eit nytt kort
  • Kort som kjem til rette, skal du levere til skulen
  • Du må sjølv betale for å få erstatta mista eller øydelagt kort
  • Kort med teknisk feil blir erstatta utan kostnad

Misbruk av kortet eller sniking på bussen / båten kan medføre gebyr. Kontrollar blir gjennomført. 

Gløymd kortet?

Du får vere med om morgonen, sjølv om du har gløymd skuleskysskortet. Du må sjølv ta kontakt med skulen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må du betale for heimreisa sjølv. 

  1. Du skal bruke kortet alle åra du går på skule, så lenge du har rett til fri skuleskyss
  2. Hugs skuleskysskortet kvar dag!
  3. Du må registrere kortet i billettmaskina kvar gong du går om bord i bussen / båten. 

Skuleskyssportalen blir brukt av:

  • Skule/kommune på vegner av eleven (grunnskule)
  • Eleven sjølv (vidaregående skule).
  • Tilsette på vgs (tilrettelagt skyss)

Skuleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.

Har du spørsmål? Ta kontakt med skulen din eller send e-post til framskoleskyss@mrfylke.no

Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.