Biblioteket ved Ulstein VGSBiblioteket finn du på landskapet, eitt av dei to hjarta på UVS (det andre hjartet er atriet).Bibliotekar Anne-Margit er til stades kvar dag mellom kl.08.00-15.15.Ho er engasjert, dyktig og kunnskapsrik. Ho har full kontroll på mangt og mykje av det som røyver seg innanfor bøkene si utvida verd.Ho hjelper deg gjerne, både med kjeldebruk, bøker som kan passe akkurat deg eller korleis du kan finne fram igjen lydboka du fekk til skulen starta.Vi kjem til å legge inn meir informasjon etterkvart her. Førebels kan du finne meir informasjon på biblioteket si eiga side.