Helsesjukepleiar Daniel Moltumyr (941 33 429) og skulepsykolog Ingrid Redse Mjaaseth har fast trefftid/kontortid i første høgda (Ingrid mandag + onsdag, Daniel tirsdag og fredag). Helsesjukepleiar Hanna Elisabeth Moldskred (915 39 713) er der på torsdagane.
Når kan du snakke med helsesjukepleiaren?
Alle elevar kan ta kontakt med helsesjukepleiar når dei måtte ha behov for det. Det er ikkje nødvendig å avtale time.
Det vil også vere mogleg å avtale andre dagar og tider ved behov. Stikk innom eller gjer avtale på sms.
Kva kan du snakke med helsesjukepleiaren om?
Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om? Tja, til dømes måling av blodprosent, utslett, eksemplager, prevensjons-rettleiing, kjenslemessige problem m.m. Faktisk om alt!
Problema treng ikkje vere store for å ta kontakt. Det er lettare å hjelpe deg om du kjem tidleg med det som ligg deg på hjartet!
NB! Helsesjukepleiar har teieplikt.
Helsestasjonen for ungdom finn du:
Kvar: Vi held til i helsestasjonen sine lokaler på Reiten, men har inngang i enden av bygget (i retning mot Flø), adr: Osnesvn. 45 ("Gamle" SUFH)
Tlf. 70017880
Når: Vi har ope kvar tirsdag mellom kl. 14:30-16:30
Viss du ikkje har høve til å møte innan kl 16.30, kan du ringe eller sende ein SMS til mobil 452 53 742, eller du kan sende ein mail til: wenche.g.satre@ulstein.kommune.no
Kven kan du møte?
Helsesjukepleiar og lege (frå kl.15:30-16:30)
Kven kan nytte seg av tilbodet?
Alle mellom 13-21 år.
Kva kan du kome med?
Ting som opptek deg! Eks. på tema: mobbing, kosthald, kjønnssjukdomar, graviditet, prevensjon, trivsel, rusbruk m.m.
Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje bestille time. VELKOMNE!!