Dagny Davidsen er OT-ansvarleg på skulen. Ho har trefftid på onsdagar frå kl.08.30-14.30 og er å treffe på kontoret der PPT også har kontor (dvs ved Kunnskapstre-inngangen i første etasje).
Så kva gjer Dagny?
Ho arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.
Ho skal kontakte deg om du:
- Ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass
- Avbryt slik opplæring
- Ikkje er i arbeid
- Har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt
Vi vil sjølvsagt at færrast mogleg skal dette av i vidaregåande opplæring og der kan OT-ansvarlege som Dagny samarbeide med rådgjevarane både på ungdomsskulen og på vidaregåande skule.
Må du vente på at Dagny skal ta kontakt?
Neida, det treng du sjølvsagt ikkje! Du kan sjølv ta direkte kontakt med OT. Telefonnummer og e-post finn du under her.