Vi har to stykker på huset: Hege Holstad og Linda Sævik.
Begge har kontor rett ved sidan av atriet.
Kva kan dei hjelpe deg med?
Dei kan hjelpe og rettleie deg med spørsmål og problem som vedkjem fag, utdanning og yrke, personlege og sosiale problem, på skulen og i heim/fritid.
Rådgjevarane har nært samarbeid med PPtenesta (skulepsykolog) og helsesjukepleiar, og formidlar kontakt.
Korleis kome i kontakt med dei?
Det er absolutt enklast å stikke innom kontora deira og eventuelt sende ei melding dersom dei er opptekne eller har undervisning (Teams-chat er også mulig).