Samarbeid heim-skule
Som skule er vi heldige som får låne borna dykkar store delar av kvardagane gjennom året.
Det betyr at vi ønsker å ha eit godt samarbeid og ein god dialog.
Her kan du lese om dette samarbeidet på udir.no sine sider.
Informasjonsmøte august/september
Vg1- og Vg2-føresette blir invitert til informasjonsmøte på skulen så fort som mogleg etter skulestart.
Det vil vere informasjon om fag og skulekvardag. Vi håper alltid på å få treffe flest mogleg på desse møta. Du vil få meir informasjon både via sosiale medium og på e-post.
Samarbeid heim skole etter fylte 18 år
Når eleven har fylt 18 år, har skulen teieplikt og foreldre/føresette har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i VIS. I mange tilfelle vil det vere til eleven sitt beste at skulen samarbeider med heimen eller andre omsorgspersonar også etter at eleven er blitt myndig. Dersom dette gjeld din elev, kan eleven gi deg tilgang gjennom dette skjemaet som ligg på fylket sine sider.
Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i Visma InSchool fra "Min profil" og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.