Informasjon, føresette

VIP makkerskap og psykisk helse

I mange år har Ulstein vgs hatt fokus på å gi elevane eit trygt og godt klassemiljø, med rom for alle dei forskjellige menneska vi er.

Vi brukar opplegget til Vestre Viken, som er finansiert av Helsedirektoratet. Vi brukar begge opplegga deira, både når det gjeld klassemiljø OG psykisk helse.

Det betyr for eksempel at første skuledagen (og vidare gjennom skuleåret) har kontaktlæraren plassert elevane i klasserommet, slik at alle veit kvar dei skal sitje og slepper leite etter ein ledig plass. 

Det betyr også at vi har fokus på klassemiljø, tydeleg klasseleiing og dialog.

Du finn meir informasjon på nettsida til Vestre Viken som vi linkar til her.