Det er vi som er på skulen som sjølve må lage eit godt skulemiljø!
To tidlegare elevar har laga ein kortfilm om mobbing, noko vi skulle ønske at vi verkeleg ikkje måtte forholde oss til. Den er direkte og tydeleg og sjåverdig!
Vi må tenke på korleis vi oppfører oss, om vi tek tak og seier i frå eller om vi berre snur oss vekk og lar vere å sjå.
Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Verken elevar, lærarar eller andre på skulen har lov til å mobbe andre.
- Dersom du ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skulen. Dette står i Opplæringslova.
- Skulane har aktivitetsplikt. Dei har plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøke og eventuelt sette inn tiltak om dei får mistanke om eller kjennskap til at elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.
- Du kan også lese meir om hjelp mot mobbing på Utdanningsdirektoratet.
Meld frå
Du skal ta direkte kontakt med skulen din dersom du ikkje har det bra i skulekvardagen.
Du kan også ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.
Får du ikkje hjelp på skulen, kan du kontakte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Har du mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev, skal du ta direkte kontakt med fylkeskommunen, som er skuleeigar.
Innsatsteam mot mobbing
Vi har sjølvsagt eit eige innsatsteam mot mobbing.
Vi håper at teamet får minst mulig å gjere, helst ingenting, men dei er der i allfall for deg dersom du skulle trenge dei.
Dei som er med, er:
Har du lyst å engasjere deg for skulemiljøet?
Då kan du delta i elevrådet, skulemiljøutvalet eller skuleutvalet.