Handskrift vs tasting?Professorane Audrey van der Meer og Ruud van der Weel ved Nevrovitenskapelig utviklingslaboratorium ved NTNU har publisert funna dei gjorde i forskinga vi var med på hausten 2022.Kort sagt fann dei ut at det å skrive for hand fører til meir aktivitet i hjerna og difor lærer vi meir og betre ved å skrive for hand.Nokre av elevane våre var til Trondheim og vart testa. Dei fekk på seg hetter med x antall elektroder som målte hjerneaktiviteten deira medan dei anten skreiv for hand på ein skjerm eller via eit tastatur.No har vi også fått i hende rapporten som Audrey van der Meer har ført i pennen (den finn du nederst i lenka under her).Vil du lese meir om utviklingslaben på NTNU, finn du informasjon på sida deira.Du kan også lese heile forskingsartikkelen her.