Når du får skuleplass kan du søke Lånekassen

Litt tidleg ute, men er du elev på vidaregåande skule? Då kan du søke om utstyrsstipend og andre typar stipend frå Lånekassen.

Du må ha ein skoleplass før du søkar. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.

Du skal ikkje betale tilbake stipend

Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.

Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.

Stipend du kan få når du går på vidaregåande 

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.

Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skolen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.