Du har tidlegare fått melding om at du har fått plass som elev ved Ulstein vgs skuleåret 2024-2025.
Oppstart
Skulen startar opp for elevane til vanleg skuletid måndag 19.08 kl.08:20. Alle nye elevar møter i skulen sitt Atrium, der heng det lister med oppslag over kva rom ein skal møte i.
Ulstein vgs er glad for å kunne ønskje nye elevar velkomne til ein fin skule i trivelege omgivnader. Skulen har all undervisning i gode og tidsrette klasserom, der dei fleste er godt utstyrte teknisk.
Innstilling
I møtet med ny skule er det viktig at du møter med ei positiv innstilling til å lære, til å tileigne deg kunnskap og gode haldningar. Vilje til samarbeid er også viktig; både i høve medelevar, tilsette og skulen si leiing. Dette er føresetnader som er med på å gjere opplevinga av skulekvardagen meiningsfull og viktig.
Skulen pliktar å legge tilhøva til rette for deg på ein slik måte at du skal kunne få auke kunnskapane dine, utvikle haldningane dine og styrke evna di til samarbeid, til beste både for deg sjølv og andre, enten i skulesamfunnet eller seinare i høgskule eller arbeidsliv.
Skule-PC
På internettsida http://skolestart.mrfylke.no finn du ulik informasjon og her bestiller du PC gjennom fylkeskommunen (PC-ordninga). Vi rår deg til å bestille PC gjennom fylkeskommunen, om du ikkje alt har ein som er relativt ny.
Meir informasjon og bestilling finn du under PC-ordninga på nettsida http://skolestart.mrfylke.no.
For at pc-en skal verte utlevert første skuledag, må føresette ha signert digitalt på bestillinga seinast 09.08. Signering skjer på http://skolestart.mrfylke.no.
NB! Registrering og godkjenning må skje i veke 32 frå måndag 05.08 og innan fredag 09.08, for å få pc til skulestart. Det er ikkje mogleg å gjere det før.
Skuleskyss
Har du behov for skuleskyss finn du her link til nettsida http://skoleskyss.mrfylke.no.
Matematikkval
Er du tatt inn som elev enten på studiespesialisering eller idrettsfag, må du velje mellom to ulike kurs i matematikk. Når det gjeld framandspråk tek skulen utgangspunkt i valet du gjorde då du søkte vidaregåande opplæring. Dersom det er mange elevar som ønskjer same fag, kan det bli fullt i gruppene, og skulen må då gi deg eit alternativt språk. I slike tilfelle vil inntaket/fordelinga skje etter karakterpoeng. Det er heller ikkje sikkert at skulen kan gi tilbod innan det faget du ønskte via VIGO. Då vil du ved skulestart bli beden om å gjere eit nytt språkval. Meir informasjon om dette ved skulestart. På http://skolestart.mrfylke.no registrerer du val av matematikk og fristen for det er 09.08.
Generell informasjon
Generell informasjon om skulen og skulestart vert å finne på skulen si heimeside. På heimesida ligg ulike skjema som vi ber deg fylle ut og levere kontaktlærar ved skulestart/innan fristen. Hugs også at du kan søkje Lånekassa om utstyrsstipend. Sjå Lånekassa - lanekassen.no for meir informasjon.
Ulstein vidaregåande skule gir kvart år ut ein skulekatalog med bilde og namn til alle elevane. Er dette problematisk for deg, må du ta dette opp med kontaktlærar snarast etter skulestart.
Hjarteleg vel møtt til Ulstein vidaregåande skule. Vi ser fram til å verte kjent med deg og håper at skuleåret 2024-2025 vert eit triveleg og lærerikt år for alle.
Ulsteinvik, juli 2024
Margaret Alme
rektor