Om skulen

KORT ORIENTERING OM SKULEN

 

SKULEBYGG

Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.

 

KLASSETAL/ELEVTAL

Skulen har for skuleåret 2023-2024 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 2 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 Tilrettelagt klasse. Dette utgjer om lag 550 elevar.

 

SKULEDAGEN

Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Vi har lagt om timeplanen slik at elevane har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen varierer frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.

 

KONTAKTLÆRAR

Alle elevar får tildelt ein kontaktlærar. Det er denne læraren eleven skal halde nærast kontakt med, spesielt når det gjeld sjukdom/fråvær og anna informasjon. Kontaktlæraren skal ha faste møte og elevsamtalar med alle elevane i klassa si.

 

RÅDGJEVING

Skulen har 2 rådgjevarar med faste møtetider. Dei har kontor i 1.etg. Sjå elles oppslag ved skulestart. Skulen har også tilbod om helsesjukepleiar, stort sett kvar dag, og PPT-kontakt, sjå oppslag for møtetid. Helsesjukepleiarane har kontor ved sida av rådgjevarane. PP-kontakten har kontor ved inngangen ved Kunnskapstreet. Når det gjeld råd i samband med fagval er også leiinga tilgjengeleg.

 

STATENS LÅNEKASSE

Elevar kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. For å søkje må du anten ha takka ja til skuleplassen på www.vigo.no og kan nytte vigo-sidene til å logge deg inn, eller du kan søkje direkte via www.lanekassen.no. Bruk MinID-kodane du har fått tilsendt frå Skatteetaten. Sjå også www.lanekassen.no for meir detaljinformasjon.

 

EKSPEDISJONEN/KONTORET

Ekspedisjonen/kontoret er ope mellom 08:15-15:30 og er i 2.høgda i den delen av skulen som er nærast Ulsteinhallen. Leiinga har kontora sine i same området.

 

BIBLIOTEK

Skulen sitt bibliotek ligg i 2.høgda og er samlokalisert med Landskapet. På biblioteket finn du skjønnlitteratur, faglitteratur, aviser og tidsskrift. Alle elevane får sitt private lånekort som etter kvart skal kunne nyttast på alle bibliotek i landet. Det er på biblioteket du får låne skulebøkene du skal ha til skuleåret. Biblioteket er bemanna kvar dag.

 

KANTINE

Skulen si kantine er godt besøkt og har eit godt tilbod av brødmat, varmrettar, salat, frukt, drikke m.m. Kantina ligg i 1.høgda til høgre for hovudinngangen og i tilknyting til Atriet.

 

REINHALD OG VAKTMEISTERTENESTE

Skulen vert vedlikehalden av 5 reinhaldarar, 1 teknisk driftsleiar og 1 driftsteknikar. Dei arbeider på dagtid og er ein viktig del av miljøet på skulen. Reinhaldspersonalet si oppgåve er å vaske skulen. Elevar og tilsette har i oppgåve å rydde etter seg, og saman må alle partar gjere sitt beste for å skape eit godt fysisk arbeidsmiljø med god orden og reinsemd.

 

REGLEMENT

Dei vidaregåande skulane i fylket har eit felles reglement, der elevane sine rettar og plikter og nødvendige reglar for orden i skulesamfunnet er nedskrivne. Skulen har i tillegg klasseromsreglar, reglar for lån i biblioteket, reglar for føring av fråvær og IKT-reglar.

 

RØYKING/SNUS/RUS

Skulen og skuleområdet skal vere røyk-, snus- og rusfritt. Det er ikkje lov å snuse eller røyke i skuletida, uansett om ein er på skulen sitt område eller ei. «Skuletida» er bestemt av ordensreglementet og omfattar ikkje fritid og fritimar der elevane oppheld seg utanfor skulen sitt nærområde.

 

LÆREBØKER/LÆREMIDDEL/PC

Vi føreset at alle elevane våre brukar PC og vi rår dei til å nytte seg av tilbodet som fylkeskommunen gir, sjå info om PC-ordninga. Det er viktig at PC-en er på plass snarast mogleg, helst ved skulestart. Alle elevar får elles låne lærebøker på skulen. Sjå heimesida vår, oppdatert informasjon vert lagt ut der.

 

IT-AVDELINGA

Dette skuleåret har skulen ein IT-konsulent og ein lærling i IKT-faget. IT-avdelinga har kontor rett bak Atriet. Sjå oppslag for opningstider. Elevar kan vende seg til lærlingen eller IT-konsulenten for rettleiing i høve datautstyr og programvare.

 

PARKERING

Skulen har fire område for parkering. To av parkeringsområda aust for skulen er øyremerka tilsette. Parkering for elevane er i hovudsak på parkeringsplassen aust for Høddvoll Panorama, den plassen som ligg framfor skulen. Denne disponerer skulen på dagtid i skuleåret.

 

SAMARBEID/LÆRING

Arbeidet i skulen er basert på eit nært samarbeid, tillit og respekt mellom elevane og dei som jobbar her. Eleven spelar hovudrolla og har hovudansvaret for eiga læring og utvikling, med dei tilsette som undervisarar, rettleiarar og hjelparar.

 

 

Vel møtt til eit nytt skuleår.

 

 

Ulstein vgs, juli 2023

Margaret Alme 

Rektor

 

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.