Område 2
Relasjonskompetanse og godt læringsmiljø
Tiltak: Skulen var våren 2021 gjennom eit tilsyn der rutinar og system kopla mot elevane sitt psykososiale skulemiljø var tema. Det vart avdekt at skulen mangla nokre rutinar. Dette vil bli jobba med å få på plass.
Tiltak: Vi skal jobbe med å bygge gode klassemiljø i Vg1-klassene heilt frå første skuledag, gjennom bruk av verktøy som bl.a. VIP-makkerskap og eigen aktivitetsdag. SPEKTER-undersøkinga vil bli brukt førebyggjande.
Vi skal jobbe med å bygge eit godt skule- og læringsmiljø for heile skulen gjennom fellesaktivitetar, som t.d. felles aktivitetsdag ein gong per halvår, felles juleavslutning for alle elevane og fjellturar dersom veret tillèt det. Turneringar bør arrangerast i matpausane, t.d. fotballturnering, sjakkturneringar, Bezzerwizzer.
Elevrådstyret og leiinga skal ha faste møte minst annakvar månad. Medlemmar i elevrådet, både faste og vara, skal gjennomføre ei opplæring i elevrådsarbeid tidleg i skuleåret.
Fylkesstrategien sine mål er slik i høve skulen sitt resultat i Elevundersøkinga hausten 23: