Handlingsplanen

Område 3

Prioriterte område og resultatmål: Vurderingsforskrifta gjennom  problemstillinga: «Jobbar vi i tråd med gjeldande vurderingsforskrift?»

Tiltak: Arbeid med vurderingsforskrifta og dei læringsfremjande prinsippa.

Arbeid med vurderingsforskrifta i faggrupper, diskusjon av omgrep, praksis og utprøving av nye/endra vurderingsformer. Eit viktig spørsmål er om vi jobbar i tråd med den nye forskrifta eller om vi gjer det slik vi alltid har gjort det, utan å sjå dette i lys av dei føringane som er gitt skulen gjennom forskrifta.

Dei fire læringsfremjande prinsippa skal vere retningsgivande i det daglege lærings- og vurderingsarbeidet og gjennom undervegsvurderinga i fag skal elevar

  1. delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
  2. forstå kva dei skal lære og kva som vert venta av dei
  3. få vite kva dei meistrar
  4. få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin

Elevane skal gjennom arbeidet med elevdemokrati og elevmedverknad lyttast til og dei skal ha reell innverknad i skulekvardagen. Elevane skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid.

Tiltak: I Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2023-2027 er det sett opp resultatkrav i Elevundersøkinga for enkelte indikatorar. Skulen ligg over kravet på nokre og under på andre. Målet må vere å jobbe slik at vi nærmar oss måla gjennom komande skuleår.

Indikatorar i Elevundersøkinga og målsetting
IndikatorMålsettingSkulen sitt resultat H23 for Vg1Skulen sitt resultat H23 for Vg2Skulen sitt resultat H23 for Vg3
Elevdemokrati og medverknad4,03,43,43,2
Vurderingspraksis3,53,33,23,1
Møte i elevråd, skulemiljøutval og skuleutval
Meistring4,53,93,93,9
Støtte frå lærar4,14,24,14,0
Fagleg utfordring4,44,34,54,5