Handlingsplanen

Område 6

Etablere varige internasjonale samarbeidsprosjekt gjennom Erasmus+

Tiltak: Ulstein vidaregåande skule vart skuleåret 24-25 akkreditert innan Erasmus+ både innan yrkesfagutdanninga og dei treårige studieførebuande løpa. Før det, reiste skulen på fylkeskommunen si akkreditering på førebuande besøk til Kroatia, Spania og Nederland. Dette for å førebu internasjonalt samarbeid innan idrett, spansk og engelsk. Ei gruppe frå programfaget Engelsk 2 var i Amsterdam våren 24.

Sidan skuleåret 19-20 har skulen, i samarbeid med andre skular i fylket, hatt praksis for Vg2-elevar på Sal, service, reiseliv på Gran Canaria. Målet er å halde fram med dette i åra framover i tillegg til å utvikle internasjonale samarbeid for elevar på Informasjonsteknologi og medieproduksjon og Elektrofag .

Til hausten 2024 reiser 2 Vg3-klasser på idrett til Kroatia. Vi jobbar vidare med å kunne reise ut med elevar som har framandspråka Spansk II eller Tysk II og programfaget Engelsk 2. Vi jobbar for å få varige samarbeidsskular i utlandet for både Tysk II og Spansk II, programfag Engelsk 2 og for idrettsfag Vg3.