Kven og kva er Ulstein vgs?

Ulstein vidaregåande skule skal vere ein skule for elevar som søkjer kunnskap, både fagleg og sosialt, i eit godt læringsmiljø. 

Ulstein vidaregåande skule skal også vere ein skule for aktiv medverknad, både for elevar og tilsette.

Det å vere ein aktiv del av sin eigen kvardag er viktig for oss menneske. Dersom vi kjenner på avmakt fordi alt skjer over hovuda våre, har vi ingen god kvardag.

Difor er det viktig at elevane tek aktivt del i skulekvardagen, at dei engasjerer seg i kva som skjer på lokalt nivå og gjerne enno litt vidare.

Bruk tillitseleven i klassa di, eventuelt meld deg som kandidat sjølv når skuleåret startar og ny tillitselev skal veljast, snakk med kontaktlærarar, snakk med faglærarar, ver engasjert i kvardagen, for det er kvardagar det er mest av og då må vi gjere det beste ut av dei.

Elevmedverknad går også på til dømes å ha ein viss innverknad på korleis ein vurderingssituasjon skal sjå ut og på utarbeiding av klassereglar. Det betyr ikkje at elevane skal få "viljen" sin til ei kvar tid, men at du som elev iallfall skal kjenne på at du har ein viss innverknad på "arbeidsplassen" din. I denne lenka finn du det Udir skriv om elevmedverknad og læringsmiljø.

Dette er ikkje eit fritak for å gjere det beste ut av kvar dag, vi må alle gjere vårt for at vi skal ha ein god arbeidsplass, vi må alle oppføre oss, omtrent slik som i Kardemommeby: «Man skal ikke plage andre, man skal være snill og grei, og for øvrig kan man gjøre som man vil.» Bortsett ifrå at vi ikkje kan gjere som vi vil, iallfall ikkje alltid.

KORT ORIENTERING OM SKULEN

SAMARBEID/LÆRING

Arbeidet i skulen er basert på eit nært samarbeid, tillit og respekt mellom elevane og dei som jobbar her. Eleven spelar hovudrolla og har hovudansvaret for eiga læring og utvikling, med dei tilsette som undervisarar, rettleiarar og hjelparar.

SKULEBYGG

Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.

KLASSETAL/ELEVTAL

Skulen har for skuleåret 2024-2025

  • 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering
  • 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse
  • 6 klasser Idrettsfag
  • 4 klasser Elektrofag
  • 3 klasser Sal, service og reiseliv
  • 2 klasser IKT og medieproduksjon
  • 1 TPO-klasse

Dette utgjer om lag 560 elevar.

SKULEDAGEN

Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Vi har lagt om timeplanen slik at elevane har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen varierer frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.

KONTAKTLÆRAR

Alle elevar får tildelt ein kontaktlærar. Det er denne læraren eleven skal halde nærast kontakt med, spesielt når det gjeld sjukdom/fråvær og anna informasjon. Kontaktlæraren skal ha faste møte og elevsamtalar med alle elevane i klassa si.

RÅDGJEVING

Skulen har 2 rådgjevarar med faste møtetider. Dei har kontor i 1.etg. Sjå elles oppslag ved skulestart. 

Skulen har også tilbod om helsesjukepleiar, stort sett kvar dag, og PPT-kontakt, sjå oppslag for møtetid. Helsesjukepleiarane har kontor ved sida av rådgjevarane. 

PPT-kontakten har kontor ved inngangen ved Kunnskapstreet. Når det gjeld råd i samband med fagval er også leiinga tilgjengeleg.

STATENS LÅNEKASSE

Elevar kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. For å søkje må du anten ha takka ja til skuleplassen på www.vigo.no og kan nytte vigo-sidene til å logge deg inn, eller du kan søkje direkte via www.lanekassen.no

Bruk MinID-kodane du har fått tilsendt frå Skatteetaten eller anna elektronisk ID. 

Sjå også www.lanekassen.no for meir detaljinformasjon.

EKSPEDISJONEN/KONTORET

Ekspedisjonen/kontoret er ope mellom kl.08:15-15:30 og er i 2.høgda i den delen av skulen som er nærast Ulsteinhallen. Leiinga har kontora sine i same området.

BIBLIOTEK

Skulen sitt bibliotek ligg i 2.høgda og er samlokalisert med Landskapet. På biblioteket finn du skjønnlitteratur, faglitteratur, aviser og tidsskrift. Alle elevane får sitt private lånekort som kan nyttast på alle bibliotek i landet. Det er på biblioteket du får låne skulebøkene du skal ha til skuleåret. Biblioteket er bemanna kvar dag mellom kl.08:00-15:15.

KANTINE

Skulen si kantine er godt besøkt og har eit godt tilbod av brødmat, varmrettar, salat, frukt, drikke m.m. Kantina ligg i 1.høgda til høgre for hovudinngangen og i tilknyting til Atriet. 

Kantina er opa frå 08:10-13:10 alle dagar, bortsett frå tirsdagane, då opnar ho kl.09:10.

REINHALD OG VAKTMEISTERTENESTE

Skulen vert vedlikehalden av 5 reinhaldarar, 1 teknisk driftsleiar og 1 driftsteknikar. Dei arbeider på dagtid og er ein viktig del av miljøet på skulen. Reinhaldspersonalet si oppgåve er å vaske skulen. Elevar og tilsette har i oppgåve å rydde etter seg, og saman må alle partar gjere sitt beste for å skape eit godt fysisk arbeidsmiljø med god orden og reinsemd.

REGLEMENT

Dei vidaregåande skulane i fylket har eit felles reglement, der elevane sine rettar og plikter og nødvendige reglar for orden i skulesamfunnet er nedskrivne. Skulen har i tillegg klasseromsreglar, reglar for lån i biblioteket, reglar for føring av fråvær og IKT-reglar.

RØYKING/SNUS/RUS

Skulen og skuleområdet skal vere røyk-, snus- og rusfritt. Det er ikkje lov å snuse eller røyke i skuletida, uansett om ein er på skulen sitt område eller ei. «Skuletida» er bestemt av ordensreglementet og omfattar ikkje fritid og fritimar der elevane oppheld seg utanfor skulen sitt nærområde.

LÆREBØKER/LÆREMIDDEL/PC

Vi føreset at alle elevane våre brukar PC og vi rår dei til å nytte seg av tilbodet som fylkeskommunen gir, sjå info om PC-ordninga. Det er viktig at PC-en er på plass snarast mogleg, helst ved skulestart. Alle elevar får elles låne lærebøker på skulen. Sjå heimesida vår, oppdatert informasjon vert lagt ut der.

IT-AVDELINGA

Dette skuleåret har skulen ein IT-konsulent og ein lærling i IKT-faget. IT-avdelinga har kontor rett bak Atriet. Sjå oppslag for opningstider. Elevar kan vende seg til lærlingen eller IT-konsulenten for rettleiing i høve datautstyr og programvare.

PARKERING

Skulen har fire område for parkering. To av parkeringsområda aust for skulen er øyremerka tilsette. Parkering for elevane er i hovudsak på parkeringsplassen aust for Høddvoll Panorama, den plassen som ligg framfor skulen. Denne disponerer skulen på dagtid i skuleåret.

 

Vel møtt til eit nytt skuleår.

 

Ulstein vgs, juli 2024

Margaret Alme 

Rektor

 


 

Artikkelliste