Penn på PC

Penn på PC

Korleis er dette med med hjernen, læring, penn og PC?

Vår eigen Sveinar Kleive var prosjektleiar for prosjektet, vi hadde annleise skulePCar og vi reiste til NTNU for å sjekke ut om det vi trudde stemte.

Skildring av Penn på pc-prosjektet ved Ulstein vgs.

Hovudmål og delmål for prosjektet

Hovudmålet med prosjektet er å avdekke om digitalisering ved bruk av penn på pc er ei digitaliseringsretning som svarar seg i forhold til anna satsing i opplæringsarbeid. Dette vil vi undersøke ved å nytte to tidlegare brukte og anerkjente metodar for å måle hjerneaktivitet og måle læringsutbytte. Hypotesane som høyrer til dei to ulike metodane vert skildra slik:

• Elevane har auka hjerneaktivitet samt større aktive nevrale nettverk i form av auka «connectivity» ved bruk av utstyret når dei skriv enkeltord med penn på pc kontra å skrive med tastatur i Microsoft OneNote.

• Elevane presterer betre på faktatestar og viser djupare forståing om samanhengar (konseptuell kunnskap) når dei tek notat med penn på pc i forhold til tastatur i naturfag i Microsoft OneNote. Vi har forsking som tyder på at ein lærer meir ved å skrive på papir, enn med tastatur. Dersom denne effekten viser seg å gjelde også ved handskrift på digitale flater, opnar det for effektivisering av læring på fleire felt.