Penn på PC

4. Effektar og realisering

Verknader og effektar

Dette er eit prosjekt som går under mogleggjerande teknologi. Vi ventar effektar innan digitalisering og bruk av IKT i tillegg til at IKT-forskingsområdet har behov for denne type forsking. Det vil ha potensiale for å kunne endre måten skular nyttar digitale verktøy og dermed føre til auka kompetanse mellom alle elevar. Konsekvensane er potensielt store for enkeltmenneske som får betre læringseffekt. Potensialet er også stort for utdanningsinstitusjonar for å utvikle læringsmetodar som legg utstyret til grunn.

For utstyrsleverandør vil dette opne moglegheiter for vidareutvikling av fleire pedagogiske verktøy som delvis er basert på kjente løysingar i kombinasjonar med nye innovasjonar. Det kan gå mot mindre ressursbruk i opplæring, med betre læringseffektar og innovative brukargrensesnitt som enno meir legg til rette for elevar sine forutsetningar for læring. Overføringsverdien til andre skular vil vere stor og enkel. Det vi undersøker er ei retning innan digitalisering som vert meir tilgjengeleg og er i rask utvikling. Skular kjøper som kjent inn datamaskiner, og desse kan verte utstyrt med denne teknologien utan at kostnaden er ein vesentleg faktor. Det vil derfor ligge til rette for at mange skular i alle alderstrinn vil nyttegjere seg denne forskinga, og legge til rette for ny didaktikk.

I eit berekraftsperspektiv vil det vere viktig å avgjere kvar ein nyttar ressursar vidare i satsinga på digitalisering. Denne undersøkinga vil kunne gje eit forskingsbasert grunnlag for vidare utvikling og retning på læringsarbeid på digitale flater. Dette vil gjelde både i høve sparte ressursar til analoge verktøy, men også ta med seg dei digitale fordelane lærarar og elever erfarer i kvardagen der elevens kompetanse og utvikling kan fyljast tettare med funksjonelle digitale verktøy. Dette kan vere ei av brikkene for å få enno høgare gjennomføringstal i den vidaregåande skulen.

 

Formidling av resultat

Resultat vert formidla som artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift skrive av forskingsmiljøet ved NTNU og som (internasjonale) konferansebidrag. Forskingsmiljøet ved NTNU har vore svært aktivt på formidlingsfronten, både nasjonalt (NRK Dagsrevyen, september 2020) og internasjonalt (Positive Parenting/ Child Trends News Service, finansiert av National Science Foundation, USA https://www.ivanhoe.com/positive-parenting/how-handwriting-stimulates-the-brain/, 2019). Møter med FoU-partnarar og konferansar. Resultat vert også formidla til Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom rapportar og faglege innslag på relevante arena.

 

Vidareføring som forskingsprosjekt

Etter forprosjektet vil vi vidareføre forskinga ved å søke om midlar frå NTNU og Noregs forskingsråd (NFR). Dersom prosjektet klarer å skaffe bevis for at å ta notat med digital penn gir betre læringseffekt både i hjernen og på åtferdsnivå, bør vi i neste omgang undersøke korleis elever med dysleksi og andre utfordringar kan ha nytte av utstyret som lære- og hjelpemiddel, samt bygge kompetanse i lærarutdanning og i utdanningsinstitusjonar som tek føre seg opplæring på digitale flater. Frå Høgskulen i Volda er Eivor Finset Spilling og Ingeborg Lid Berget med som partner for å kome med innspel til forskingsspørsmål og justere innhald/gjennomføring for å legge til rette for vidare forsking på feltet. Ein kan vidare sjå føre seg at ulike fag vil ha ulike tilnærmingar og fordelar av utstyret. Utstyrsleverandør vil kunne hente kunnskap om bruk og legge til rette for vidare innovasjon av sine produkt gjennom erfaringane prosjektet gjev. Det vil vere naturleg at lærarutdanningsinstitusjonar vert med som partner i eit større prosjekt for vidareutvikling og forsking på metodar og pedagogiske konsekvensar i eit større bilete. Ulstein vidaregåande skule vil bidra inn som partner i eit framtidig større forskingsarbeid der målsetninga kan vere å vidareutvikle didaktikk knytt til interaktive digitale flater for handskrift. Det er potensielt eit stor arbeid som ligg føre i høve fleire fag både innanfor skulen, men også i høve opplæring generelt.

 

Referansar

NuLab - Nevrovitenskapelig utviklingslaboratorium - Institutt for psykologi - NTNU https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/fpsyg.2020.01810/full https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/fpsyg.2017.00706/full https://journals.sagepub.com/doi/10.1177/0956797614524581