Oppdatering (jan/feb. 2024)
No har hjerneforskarane Audrey van der Meer og Ruud van der Weel ved Nevrovitenskapelig utviklingslaboratorium (vi kalte det Nevrolabben) på NTNU publisert det dei fann ut via Penn-på-PC-prosjektet som nokre av elevane våre var med på hausten 2022.
Dei publiserte det i Frontiers in Psychology og du finn artikkelen her. (blir opna i ny fane)
Her finn du det fagnettstaden Utdanningsnytt har skrive om det. (blir opna i ny fane)
Kort sagt: Bruk av penn og papir er betre for læringa vår! Det skjer fleire koplingar i hjerna når vi skriv for hand.
I tillegg har vi fått tilsendt rapporten som Audrey van der Meer har skrive. Den tek for seg kva som vart testa i Trondheim og kva som vart resultatet av den småskala-testen vi sjølv hadde her på skulen seinare. Rapporten (på engelsk) finn du her. (DOCX, 407 kB)