Penn på PC

Partnarar i prosjektet

Prosjektet er finansiert gjennom forskingsrådet Regionalt kvalifiseringsprosjekt og har fleire partnarar. 

Microsoft har ei unik rolle som leverandør sidan dei både er i front på maskinvare- og programvareutvikling. Som FoU-partner vil Microsoft AS styrke prosjektet og kome med råd og opplæring i høve utstyrsbruk og få innsyn i forskingsarbeidet. 

Det leiande forskingsmiljøet på dette feltet frå NTNU etterlyser meir hjerneforsking, der eksisterande forsking kjem frå 2017 og 2020 og er utført på studentar og yngre barn. Det er vår forskingspartner ved NTNU som har utført dette arbeidet, og som har kompetansen og hjerneforskingsutstyret vi treng. 

Utstyret er finansiert med to større tildelingar (NOK 7 million) frå Norsk forskingsråd i 2004 og 2012 til forskarparet Ruud van der Weel og Audrey van der Meer. 

Høgskulen i Volda deltek og fokuserer på vidareføring av forskingsspørsmål som kjem opp. 

Prosjektet er eigd av og organisert ved Ulstein vidaregåande skule.