Penn på PC

Penn på pc, lærer elevane meir? 1. Innleiing og bakgrunn

Ulstein vidaregåande og Møre og Romsdal fylkeskommune sine skular er i rask utvikling til verte meir digitale. Ulstein vidaregåande er pilot i arbeidet med å finne nye arbeidsverktøy og utvikle didaktikk i samband med denne utviklinga. Det er no avgjort at Ulstein vgs frå hausten 2022 skal teste ut elev-pc med ny funksjonalitet. Dette er utstyr som gjer at elevane kan skrive på pc med penn, i tillegg til tastatur. Det er forsking som peikar på gode effektar ved bruk av handskrift i staden for tastatur når ein skal lære. Denne effekten trur vi vil la seg overføre til bruk av penn på pc, i likskap med penn på papir. Det er ein annan skule, Wang vidaregåande, vi kjenner til som har dette ustyret i bruk, og har gode erfaringar og anbefaler det med bakgrunn i sine erfaringar.

I Noreg er det normalt at kvar elev har ei datamaskin kvar, dette er ikkje norma internasjonalt. Det er derfor lite forsking på dette å finne internasjonalt. Problemstillinga vi vil forske på er først aktuell når alle elevar har si eiga datamaskin, og prisen på utstyret er innan rekkevidde. Det er først no vi har kome til det punktet i den digitale utviklinga i skulen, der Noreg er leiande på utstyrsnivå. I følgje Microsoft er land sør i Europa no også på veg inn i dette nivået, noko som aktualiserer denne forskinga. Ved å forske på bruken av utstyret og finne ut om læringseffekten aukar vil vi kunne legge grunnlaget for å kunne anbefale vidare satsing på dette feltet.

Dersom forskinga vi vil utføre viser seg å stemme med det vi trur vil det opne for innovasjonar i læring på digitale flater. Det vil utløyse eit behov for å utvikle nye undervisningsmetodar og utstyr der naturlege forskingspartner vil vere universitet og høgskular som utdannar pedagogar, og utstyrsleverandørar som innoverer produkta sine både i maskinvare og programvare. Konsekvensane av å kunne avdekke metodar som aukar læringsutbyttet er store, og vil ha konsekvensar både nasjonalt og internasjonalt. Vi vil med dette forskingsprosjektet legge delar av grunnlaget for å kunne utvikle ei ny forskingsbasert retning innan læring, som vil ta inn over seg både tradisjonell pedagogikk kombinert med digitale løysingar som til no ikkje har vore tilgjengeleg i skulen. Å kombinere den beste læringsmåten med digitale verktøy vil potensielt få store konsekvensar for alle elevar i forhold til gjennomføringstal, kompetanse, moglegheiter i høgskule og universitet og vidare i livet.

Utstyret som elevane har behov for vil bli implementert frå hausten 2022 som ein pilot ved Ulstein vgs for alle vg1 elevar, dette i samarbeid med FoU-partner Microsoft AS sine anbefalingar og utstyrskompetanse. Denne implementeringa gjev ein unik moglegheit til å finne den nye retninga for digital opplæring i skulen. Microsoft AS har ei unik rolle som leverandør sidan dei både er i front på maskinvare- og programvareutvikling. Som FoU-partner vil Microsoft AS styrke prosjektet og kome med råd og opplæring i høve utstyrsbruk og få innsyn i forskingsarbeidet.

Det leiande forskingsmiljøet på dette feltet frå NTNU etterlyser meir hjerneforsking, der eksisterande forsking kjem frå 2017 og 2020 og er utført på studentar og yngre barn. Det er vår forskingspartner ved NTNU som har utført dette arbeidet, og som har kompetansen og hjerneutstyret vi treng. Utstyret er finansiert med to større tildelingar (NOK 7 million) frå Norsk forskingsråd i 2004 og 2012 til forskarparet Ruud van der Weel og Audrey van der Meer. De siste 26 årane har de ledet Nevrovitenskapelig utviklingslaboratorium (NuLab, https://www.ntnu.no/psykologi/nulab) ved NTNU i Trondheim saman. Laben er godt utstyrt med avansert vitskapeleg utstyr og har alt av nødvendig infrastruktur for å kunne drive med hjerneforsking på høgt internasjonalt nivå.

Vi søker om dette prosjektet som eit kvalifiseringsprosjekt, då dette er forsking i eit område som er lite omhandla frå før og vil utløyse behov for vidare forsking i fleire fagmiljø. Både pedagogar og leverandørar vil ha behov for denne forskinga for å kunne innovere vidare utvikling. Prosjektet tek høgde for at vi har behov for å kunne orientere oss meir i terrenget før vi seinare kan utføre eit hovudprosjekt som kan avdekke større og vidare bruk av slikt utstyr for fleire fagfelt. Høgskulen i Volda stiller som partner med fokus på å lage eit hovudprosjekt som involverer læring med det digitale utstyret med bakgrunn i funn frå dette prosjektet.

Våre FoU-partnarar skriv dette om behovet for denne forskinga:

“Det stemmer at vår forskning tilsier at bruk av digital penn på PC/nettbrett i klasserommet er bra for hjernen og gir bedre læring enn på en vanlig PC med tastatur. https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/fpsyg.2020.01810/full https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/fpsyg.2017.00706/full

Å skrive for hånd eller på tastatur eller å tegne - hva er best for læring? Som følge av den økende digitaliseringen i dagens samfunn er problemstillingen svært aktuell. Til tross for at flere studier har funnet at å skrive for hånd gir læringsfordeler, er det fortsatt ikke enighet om hva som er best i en skolesituasjon. Flere land har nå til og med kuttet ut håndskriftsopplæringen, og noen lærere mener barn i dag tidligere bør lære seg å skrive på PC. Det er derfor viktig med flere studier som kan fortelle hvordan den sensomotoriske bevegelsen knyttet til tradisjonell håndskrift påvirker hjernen, og hvilken betydning dette har for evnen til å lære.» (Hjerneforsker og professor i nevropsykologi; Audrey van der Meer)

«We believe this research will be relevant in order to underline and confirm that the use of pen on PC in a learning context will be positive. Using pen on PC in a pedagogical context is something we believe in and hope that further research on that specific area will confirm this. Microsoft is focused on empowering both people and organizations to achieve more and it will be very relevant in order to point to specific research on how to use technology to achieve a better learning outcome.» (Public Sector Manager, Microsoft AS, Atle Spilde)

Som våre partnarar viser er det behov for å forske meir på desse områda for å kunne utvikle fleire kompetanseområde vidare. Potensialet for både leverandør og forbrukar er stort.