Penn på PC

Prosjektsamandrag

Dersom forskinga vi vil utføre viser seg å stemme med det vi trur vil det opne for innovasjonar i læring på digitale flater. Det vil utløyse eit behov for å utvikle nye undervisningsmetodar og utstyr der naturlege forskingspartner vil vere universitet og høgskular som utdannar pedagogar, og utstyrsleverandørar som innoverer produkta sine både i maskinvare og programvare. 

Konsekvensane av å kunne avdekke metodar som aukar læringsutbyttet er store, og vil ha konsekvensar både nasjonalt og internasjonalt. Vi vil med dette forskingsprosjektet legge delar av grunnlaget for å kunne utvikle ei ny forskingsbasert retning innan læring, som vil ta inn over seg både tradisjonell pedagogikk kombinert med digitale løysingar som til no ikkje har vore tilgjengeleg. 

Å kombinere den beste læringsmåten med digitale verktøy vil potensielt få store konsekvensar for alle elevar i forhold til gjennomføringstal, kompetanse, moglegheiter i høgskule og universitet og vidare i livet. 

Utstyret som elevane har behov for vil bli implementert frå hausten 2022 som ein pilot ved Ulstein vgs for alle vg1 elevar. Dette i samarbeid med FoU-partner Microsoft AS sine anbefalingar og utstyrskompetanse. Denne implementeringa gjev ein unik moglegheit til å finne den nye retninga for digital opplæring i skulen.