Verknadar og effektar
Det er viktig med fleire studiar som kan fortelje korleis den sensomotoriske bevegelsen knytt til tradisjonell handskrift påverkar den formbare hjernen hos barn og unge, og kva for betyding dette har for evne til å lære. Bruken av digital penn på pc i skulen er innovativt og har eit stort potensiale for vidare utvikling dersom det gir betre læring. Dette vil ha effektar for langt fleire enn skulane i Møre og Romsdal, og vil gje retningar for pedagogiske praksisar i læring internasjonalt.
Vi får ein hjerneforskingsbasert kunnskap om læring på digitale flater, og kan i samarbeid med leverandørar vidareutvikle metodar og utstyr. Auka og betre læring vil vere eit stor steg i riktig retning som vil bety mykje for den enkelte elev, men også mykje for samfunnet med mindre fråfall, betre motivasjon og raskare progresjon i læringsarbeidet.
Ulstein vgs. er spesiell i høve utnyttinga av digitale verktøy i opplæring. Fleire skular er på veg, også i utlandet pga. tiltak i korona-pandemien.