Kurs for vaksne

Organisering og ansvar:

Det er fylkeskommunen sitt ansvar å tilby vidaregåande opplæring, også for vaksne. Møre og Romsdal fylkeskommune organiserer dette gjennom sju vidaregåande skular som har eit spesielt ansvar for vaksne søkjarar (over 25 år). Ulstein vidaregåande skule er ein av skulene i fylkeskommunen som tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne.

Treng du generell studiekompetanse?

  • Kurset Generell studiekompetanse inneheld desse faga:
    • Naturfag NAT1007
    • Engelsk Eng1007
    • Norsk NOR1211, NOR1212, NOR1213 (Vi har også norsk for dei med kort butid)
    • Matematikk 1P MAT1019, Matematikk 2P MAT1023
    • Historie HIS1003
    • Samfunnskunnskap SAK1001
  • Påmelding til kurs:
    • For påmelding: www.vigo.no, vel: Søknad for vaksne/realkompetanse
    • Logg inn med ID-porten, MinID eller BankID
    • Vel fylket du vil søke i (Møre og Romsdal fylkeskommune, Ulstein vgs)
    • Fyll ut alle personopplysningar
    • Legg inn tidlegare skulegang frå grunnskulen og fram til dags dato, og tidlegare/noverande arbeidssituasjon
    • Legg inn alle fagprøver/eksamenar
    • Send søknaden din til VIGO VOKSEN. Etter mottatt søknad tek vi kontakt så snart som muleg. Dersom du synest det blir lenge å vente, kan du sjølvsagt sende ein e-post til skulen.

Rammer for kurset

For å kunne få vaksenrett må du vere 25 år eller fylle 25 år i inneverande år.
Du bestemmer sjølv kor mange fag du vil ta kvart år.
Dersom du ikkje har vaksenrett, har du også mulegheit til å vere deltakar på kursa våre. Men dersom det er for få plassar, så er det dei som har vaksenrett som blir prioriterte.

Faga/kursa går over eit heilt skuleår. Unntaka er samfunnskunnskap som berre går om hausten, og historie som startar i januar.
Undervisninga er på ettermiddag og kveldstid frå måndag til og med torsdag. Opplæringa er gratis, men i fag med privatistordning må du betale eksamensavgift. Du må ha med eigen PC som du kan bruke i undervisninga.

Kursstart er siste veka i august.

Kursa er godkjent av Lånekassen og du kan søke støtte etter gjeldande reglar. 

Tilbod til deg som er permittert eller ledig

No kan du melde deg på kurs som gjer at du kan få gjort ferdig vidaregåande opplæring. 
Dette kan også vere nokre individuelle timar for å førebu seg til eitt eller fleire fag som du må ta opp for å få eit godkjent vitnemål.
Ta kontakt med skulen slik at vi kan prøve å finne ei løysing for deg.

Timeplan for skuleåret 2021-2022:

Måndag18.00 – 20.00Matematikk, rom 203, Paul Inge Røyset
Tysdag16.30 - 18.00Samfunnsfag, rom 266, Alexander Paus (haust) /Historie (vår)
Tysdag18.10 - 19.40Engelsk, rom 266, Sølvi Løvøy
Onsdag18.00 – 20.15Norsk, auditoriet, Ingvild Slotterøy og Arlen Rønning Eid
Torsdag18.00 – 19.30Naturfag, naturfagromet, Lena Hasund Øvrelid

Snarvegar

Kontakt