Kurs for vaksne - NB! Anten via nett eller ved oppmøte på ein vgs i Ålesund eller Molde

Det er fylkeskommunen sitt ansvar å tilby vidaregåande opplæring, også for vaksne. Møre og Romsdal fylkeskommune organiserer dette gjennom sju vidaregåande skular som har eit spesielt ansvar for vaksne søkjarar (over 19 år).

No har fylkeskommunen endra på opplegget og tilbyr slik opplæring anten via nettundervisning eller fysisk oppmøte på ein av to vidaregåande skular: ein i Ålesund og ein i Molde. Dette gjeld dersom du treng generell studiekompetanse. 
Du finn informasjon på Møre og Romsdal fylke sine nettsider.