Korleis kan vi lage KI-system vi kan stole på?

Dato

Onsdag 11. november 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 15.00

Stad

Ulstein vgs

Last ned kalenderfil (.ics)

KI-senteret ved Ulstein vidaregåande skule inviterer bedrifter og offentlege som arbeider med IT og KI til ein praktisk workshop med Andreas Brandalssæter frå Høgskulen i Volda og NTNU.

Kunstig intelligens blir teken i bruk på stadig fleire område. Vi brukar KI til å finne informasjon, analysere data, produsere innhald og som støtte når vi skal ta avgjerder. Men korleis kan vi vite når, og i kor stor grad, vi bør stole på eit KI-system?

Gjennom aktivitetar, diskusjonar og konkrete eksempel utforskar vi:

  • kvifor KI-system kan ta feil
  • korleis vi kan vurdere svar og usikkerheit
  • skeivskapar i datagrunnlaget
  • når menneske bør kontrollere eller overstyre KI
  • kven som har ansvar for avgjerdene

Praktisk

Ta med eigen PC som du kan bruke under workshopen. Dersom det blir behov for å installere programvare, bør du ha tilgang til å gjere dette på maskina. Har du ikkje ein eigna PC, kan vi stille med PC. Gi beskjed ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 5. november

  • Arrangementet er gratis dersom du melder deg på innan påmeldingsfristen
  • Påmelding eller avmelding etter fristen blir fakturert med kr 1 000.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ulstein vgs

Om staden

Namn

Ulstein vgs