Både Farid Nolen og Ismail Pelaseyed var svært engasjerte og engasjerande å høyre på. Dei to står bak prosjektet Intize, der studentar er mentorar for ungdom i matematikk.
Tanken er at elevar ved UVS, som har R1-matematikk, skal vere mentorar for elevar ved Ulstein ungdomsskule, iallfall i første omgang. Mest truleg vil det vere svært lærerikt for begge partar. Det er nettopp ved å lære frå deg at du lærer best :-)
Opplegget er ein del av NHO sin kunnskapsturné, som ser på skulen som den viktigaste leverandøren til næringslivet.
19.12.08