Før har ekskursjonane til utlandet vore meir som danningsreiser i kultur og næringsliv, i tillegg til at dei har vore i vårterminen og på 3.klassenivå. No er det språkinnlæring som står i fokus, men kultur og kjennskap til land og skikkar kjem på ein heiderleg 2.plass.
Årets VG2-elevar reiste altså til Berlin, Paris og Barcelona og hadde eit visst tal undervisningstimar i løpet av dei 4-5 dagane dei var i desse byane. Tysk- og franskelevane budde på ungdomsherberge, spanskelevane budde i vertsfamiliar. Erfaringane frå Barcelona og vertsfamiliane er todelte, difor er det uvisst om det blir familie eller herberge på dei som eventuelt reiser neste haust.
Sjølv om ikkje alle kom seg heim så kjapt som dei hadde håpa på, grunna ei naudlanding og ei pårygging på Rygge (Ha ha ha! Det var ein god vits, det...), så var det flotte ekskursjonar med godt utbytte for elevane.
27.09.08