Stadig nye avgangskull...
Kvar vår er det like rart å tenkje på at vg3-elevane ikkje skal valse rundt i gangane meir. (Vel, det er ikkje heilt sant, sidan 3TT blir til 4TT, men dei er unntaket som stadfestar regelen.)
Vårens vg3-elevar kjem til å gå på folkehøgskule eller lage teljekantar i militæret eller studere psykologi eller språk eller helsefag eller noko heilt anna. Nokre av dykk kjem kanskje til å vere ute i arbeidslivet også. Kven veit?!
Men det vi iallfall veit er at vi ynskjer dykk hjarteleg til lukke med kva det enn er de skal gjere framover.
Det har vore ei fryd å ha sett dykkar, stort sett, blide åsyn i klasserom, kantine og i gangar.
Nyt livet, sats på å bli det de meiner de passar best til, men bli ikkje overraska om de blir noko heilt anna!
09.06.09