Der sit nemleg 226 elevar og privatistar med pc, kandidatnummer, eksamensoppgåve, mat og drikke. Nokre hjerneceller har kanskje gått tapt i russefeiringa eller under stress og sjukdom, men vi veit at alle som sit der inne har vel nok igjen :-)
I dag er eksamensdagen over alle eksamensdagar her på huset. Alle VG3-elevane sit og sveittar over norskoppgåvene, medan nokre utvalde VG2-elevar pussar på spanske setningar og verb.
Men dei sit ikkje der heilt aleine. Dei har 20 eksamensvakter som passar på at dei har det bra og at dei får ta seg ein tur ut når oppgåvene svirrar altfor mykje rundt oppe i hjernecellene.
Vi håper det går fint med alle 226 og at dei får vise kva dei kan!
Og snart, snarare enn vi trur, er det sommarferie...
21.05.10