Deilig er jorden, prektig er Guds himmel...

Då har vi atter ein gong gått rundt juletreet i atriet.

Vi har gått i fleire ringar, vi har gått nede i atriet og vi har gått rundt "balkongen".
Vi har sunge og sunge, medan Vinjar har spelt og spelt.
Vi har hatt juledrama, høyrt juletale og sunge "Deilig er jorden". Jula er ei tid for tradisjonar, heldigvis.

Til vi sjåast igjen over nyåret:
- nyt livet i passelege dosar, med litt alvor, mykje humor, god mat og drikke
- senk skuldrene
- stress ned
- nyt livet
- kos deg med vener og familie
- spel eit spel
- sjå på stjernene
- fyr i peisen
- høyr frosten knase under beina når du går deg ein tur
- fortel einkvan at du er glad i han/ho
- gled deg til å starte på att over jul

Med ynskje om ei god og fredfull jule- og nyttårsfeiring, takk for i år!

22.12.09